Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Meland set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ei klimasmart bygd der det er godt å bu, med livskvalitet, tryggleik, møteplassar og arbeidsplassar. Framtida ligg i grønare omgjevnader, i eit samfunn der menneske og natur klarer å leve side om side og der fritid og familieliv er verdsatt høgare enn kapital og kjøpeverdi. Vi ønsker at Meland skal vere ein stad som legg til rette for livskvalitet meir enn forbruk, eit samfunn der folk har betre tid til kvarandre. Eit samfunn der trivsel, rettferd, natur og helse står i sentrum.

Vil du hjelpe oss å gjere eit godt lokalval i Meland?

Meland står framfor endringar som kan re-definera vår identitet, kultur og natur. Det skal gjennomførast ei storstilt kommunereform, det ligg føre planar om ein senterplan, kontroversielle utvida næringsareal og ein enorm vekst er framsyna for kommunen vår. Desse endringane kan få ukjende påverknadar på menneske, miljø og natur. Valkampen vil bli prega av spørsmål rundt desse potensielle endringane, og det vil også truleg bli naudsynt å definera tydeleg for oss sjølve som melandingar korleis vi vil at det skal vera å bu i Meland i framtida.

Ønsker du deg eit politisk system som set innbyggjarane først? Ein økonomi som gir alle sin del? Eit samfunn som toler alle sine behov? Ein planet beskytta mot trusselen om klimaendringar no og for komande generasjonar? Det er den verda vi ønskjer å skape, og vi trur vi har midlane og viljen til å gjere det.

Men vi treng di hjelp! Vi treng personar til ein rekke ulike oppgåver, og som er villige til å bruke av sin fritid på å løfte Miljøpartiet Dei Grøne i valkampen i Meland. Fyll ut skjemaet under!