Fokus på forbruk på verdas miljødag!

Fotocredit: UNEP, World Environmental Day

Fredag 5. juni er det verdas miljødag med tema berekraftig forbruk. Om alle skulle levd som oss nordmenn ville vi trengt tre jordklodar. No ønskjer Dei Grøne i Meland å rette fokus mot vårt overforbruk!

 

På Dei Grønes landsmøte 8. mai lanserte vi eit forslag for å redusere det materielle forbruket til eit berekraftig nivå. Forslaget inneber mellom anna å fremme ein plan for deling av varer, for å auke varers levetid, for å redusere kjøpepress gjennom reklame og å publisere årleg statistikk over det norske forbrukets globale fotavtrykk.

 

juni 4, 2015

- Denne dagen er ein viktig dag for å markere at vi har eit ansvar for å levere frå oss jordkloden i god stand til våre etterfølgjarar. Miljøsaka er ikkje berre éin sak, men ein heilskapleg måte å tenke om alle saker på. Av Karina Garnes Reigstad

–          Det norske forbruket er rett og slett for høgt, og eg er glad for å vere med i eit parti som både tør å seie det, og å gjere noko med det.

–          Det skal vere lett å vere miljøvenleg, og nordmenn må kunne stole på at dei varene dei kjøper i butikken ikkje bidrar til å øydelegge jordkloden vår. Då må vi begynne å stille krav til varers levetid.

–          Her i Meland kjem forbruket til å vere ein viktig sak for oss. Eit eksempel på korleis vi kan jobbe med dette i lokalsamfunnet er å opprette ordningar for kasting av mat, slik dei for eksempel har gjort på Kaffibrenneriet i Bergen der dei sel «dumbsterpizza» med mat som berre vert kasta. Kirkens Bymisjons kafè Magdalena bruker også utelukkande varer som har gått ut på dato. Eit anna tiltak kan vere å opprette verkstader som alle kan nytte seg av. Det gjer det lettare å fikse sykkelen i staden for å kjøpe en ny!

–          Sjølv prøver eg å leve miljøvenleg ved å for eksempel bruke sykkelen eller beina mest mogleg, ikkje ete kjøt, kjøpe mest mogleg økologisk og kjøpe garantert CO2-fri straum. Eg skulle ønskje vi hadde politikarar som sjølv tenkjer i desse banar og som hadde vilje kjempe for å gjere det lettare og billigare for forbrukarar å velje det mest miljøvenlege. Derfor stiller eg til val for Dei Grøne.

–          Å leve eit godt og trygt liv handlar om heilt andre ting enn å ha mest mogleg pengar og kjøpe dyrast moglege ting. Det handlar om å ta omsyn til menneske som kanskje ikkje har det så godt som oss. Det handlar om å vise respekt for andre og naturen rundt oss. Det handlar om å «låne ressursar» frå framtida som vi veit vi kan gi tilbake og det handlar om å vere bevisst på at alt vi gjer av inngrep i naturen vil setje eit fotavtrykk. Det er dette eit berekraftig samfunn handlar om.
Av Karina Garnes Reigstad, ordførarkandidat i Meland