Grøne visjonar for Meland

Miljøpartiet Dei Grøne (MDG) i Meland set samspelet mellom menneske, natur og biologisk mangfald i sentrum for politikken. Vi vil ha ei bygd som bevarer landbruk og grøne område, som tek vare på og utviklar lokalsamfunnet og det lokale næringslivet. Vi vil ha ei klimasmart bygd der det er godt å bu, med livskvalitet, tryggleik, møteplassar og arbeidsplassar. Vi ønsker ei bygd med realistiske, praktiske, reine og effektive løysingar på transport og utvikling. Meland må ikkje leggje opp til å vere ein forstad eller gjennomgangsåre for storbyen Bergen eller industriområdet Mongstad medan vi øydelegg og byggjer ned natur og biologisk mangfald.

Vi vil sette fokus på berekraft og vi vil ta vare på dei særskilde kvalitetane vi har i Meland. Det inkluderer kulturrikdom og frodig natur, og lokal verdiskaping. Ein berekraftig kommune krev modige politikarar som er villige til å starte den omfattande omstillinga samfunnet står ovanfor. Vi vil byrje overføringa av dei store verkemidlane frå oljesektoren til grøn næringsutvikling, frå tradisjonell til grøn infrastruktur og frå individuelt forbruk til felles investeringar. Framtida ligg i grønare omgjevnader, i eit samfunn der menneske og natur klarer å leve side om side og der fritid og familieliv er verdsatt høgare enn kapital og kjøpeverdi.

Miljø, mangfald og menneskeleg medverknad er sentrale omgrep i grøn politikk. Vi ønsker at Meland skal vere ein stad som legg til rette for livskvalitet meir enn forbruk, eit samfunn der folk har betre tid til kvarandre. Eit miljø der trivsel, rettferd, natur og helse står i sentrum.

Vi vil mellom anna arbeide for:

1. At båt og buss blir gode transportalternativ for alle

2. Å bevare mest mogleg urørt natur

3. Eit meir berekraftig næringsliv

4. Å styrke kunnskapen om samanhengar i naturen og samspelet mellom menneske og natur i opplæringa

5. Auka livskvalitet, tryggleik og omsorg til alle melandborgarar.

Sjå heile vårt program her.