Historisk Grøn liste i Meland

For første gong i historien stiller Miljøpartiet dei Grøne liste i Meland. Tom Sverre Tomren går rett frå misjonstilværet i Kamerun til første plass på miljølista.

Han forklarar: ”De fire åra i Afrika har gjort meg sterkare i trua på at vi må prioritere miljøløysingar når vi skal bygge morgondagens samfunn. Eg har fulgt godt med i Melandspolitikken, og det eg har sett har gjort meg sikker på at vi treng ei ny politisk kraft i kommunen vår.

mars 25, 2011

I partiprogrammet legg Miljøpartiet dei Grøne vekt på at samfunnsutviklinga skal bygge på Miljø, Mangfald og Menneskeleg medverknad.”

På spørsmål om han trur det er muleg å få etablert eit miljøparti i Meland, svarar han kontant:

”Utan tvil. Historisk sett har alltid nye parti blitt til på grunn av nye typar utfordringar. Miljøpartiet har blitt til fordi vi i vår tid står framfor miljøututfordringar som ingen av dei etablerte partia har vist seg i stand til å møte. Ute i verda har søsterpartia hatt ein enorm vekst dei siste åra, og nå er turen komen til Noreg og Meland.

Førstekandidat Tomren er prest. På 2. plassen på lista finn vi den tidlegare venstrepolitikaren  og læraren Leif Johnsen . På 3. plass finn vi  Christine Tøgersen  som er politi og lærar. Eit anna kjent namn er høgskulelektor Jan Rantrud.

Vi har gode folk på lista vår, og  fleire av oss har politisk røynsle. Eg er viss på at vi kan være eit anstendig korrektiv, noko som sårt trengs i Melandspolitikken. Vi lovar å gjere vårt for at Meland blir prega av miljø, mangfold og menneskeleg medverknad, avsluttar Tomren.

For spørsmål eller kommentarar : tom@tomren.info eller telefon: 0023796612700