Kvifor skal Miljøpartiet dei Grøne få di stemme i Meland?

1. Dei Grøne står for ei ny retning. Valet står mellom grønt og grått. Norske kommunar treng nye stemmer for å få fart på miljøpolitikken og starte omstillinga nedanfrå. Dei grøne i Nordhordland vil ha ei ansvarleg, men snarleg omstilling frå å vere oljeavhengig og ha eit umoralsk overforbruk til eit medmenneskeleg samfunn i økologisk balanse.

 

2. Dei Grøne kan gjere ein forskjell. Vi er partiet for framtidige generasjonar. Vi er lokomotivet for eit grønare og meir medmenneskeleg samfunn.

 

3. Dei Grøne flyttar debatten. Vi tvinger dei andre partia til å ta klimasaken på alvor. Vi stiller spørsmål som ingen av dei andre parti tør stille.

 

4. Dei Grøne veks. Vi er i kraftig vekst, både nasjonalt og internasjonalt. Dei to føregåande vala har vist at det nyttar å stemma på oss. No kan du bidra til at vi tidoblar talet grøne lokalpolitikarar.

 

5. Dei Grøne er positive og løysingsorienterte. Ei grønare verd er ei betre verd. Fornybarsamfunnet er attraktivt fordi det er menneskevenleg og moderne.

 

6. Dei Grøne er blokkuavhengige og samarbeidsvillige. Vi er systemkritiske, blokkuavhengige og opne for nye idear. Blokkpolitikken er ”fastlåst”, vi har ikkje ”førehandsstemt” på nokon og står på eigne bein.

 

7. Dei Grøne er større enn seg sjølv. Vi er det einaste partiet som er del av ei veksande, internasjonal organisasjon som gjer seg gjeldande i stadig fleire land. I dei landa der dei grøne partia har gjort sitt inntog, er dei andre partia blitt pressa til å føre ein meir miljøvennleg politikk.

 

8. Dei Grøne har ein heilskapleg politikk. Grøn politikk er mykje meir enn miljøvern. For Dei Grøne er det å ta vare på livsgrunnlaget ikkje enkeltsak, men grunnlaget for alle politikkområde. Vi ser god miljøpolitikk som avgjerande også for helse-, samferdsel og økonomisk politikk.

 

9. Dei Grøne ønsker eit variert næringsliv. Dei Grøne vil at menneskets skaparkraft og engasjement skal utgjera drivkrafta i økonomien. Vi vil derfor gi større rom for småbedrifter, entreprenørar og private initiativtakarar i næringslivet i Nordhordland.

 

10. Dei Grøne er framtidsretta. Vi prioriterer livskvalitet framfor økonomisk vekst, kortare arbeidstid framfor lønnsvekst og rettferdig global fordeling framfor meir kjøpekraft til eit groteskt overforbruk.

 

juli 23, 2015