Vår politikk

I heile vår har styret og medlemmane i Miljøpartiet dei Grøne saman arbeida fram vårt lokale valprogram. Dette arbeidet har ført til eit variert program med gode politiske refleksjonar om korleis Meland kan verte ein betre kommune basert på grøne verdiar. No er vi klare for å gi liv til programmet vårt og forme politikk i kommunestyret i dei neste fire åra. Les programmet vårt her.

Utdrag frå programmet: Vi vil

  • At det skal vera mogleg å leve godt og miljøvenleg som innbyggjar i Meland, og at lokalsamfunnet vårt må organiserast og planleggast slik at det blir ein viktig del av løysinga på miljøproblema.
  • Ha fokus på livskvalitet for alle framfor stadig aukande forbruk.
  • Leggje til rette for berekraftige og miljøvenlege arbeidsplassar i nærmiljøet.
  • Ha levande marknader med kortreist mat og lokale tenester, levedyktig landbruk og havbruk, og fokus på framtidsretta løysingar.
  • Styrke lokaldemokratiet, og meiner at gode offentlege tilbod må til for å sikre god livskvalitet.
  • Arbeide for eit samfunn som fremjar fysisk og psykisk helse, og vi ønskjer meir forsking på kva som gir god førebyggande effekt.
  • Satse på små grunnskular i nærmiljøa, som representerer livsnerven i gode lokalsamfunn og er vesentlege for å skape trygge oppvekstvilkår.